Om klubben

20180526_141155-1

Flåklypa sendeplatelag vart stifta i 2012, takk vere ein gjeng i miljøet rundt laftebedrifta Stokk og Stein. I dag består klubben av om lag 80 leikne medlemmar i alle aldre og på alle dugleiksnivå.

Navnet Flåklypa sendeplatelag kjem av at den fyrste banen vår ligg like ved den vesle plassen Flåklypa.

Bana i Medalen i Lom vart ferdigstilla i 2015. I 2021 ferdigstilte vi vår andre bane, på Moar i Skjåk. Båe ligg i naturskjønne omgjevnadar mellom høge fjell og i særs turt klima.

Klubben arrangerer vekesgolf i sumarhalvåret. Alle er velkomne. Om du treng å låne diskar, meld ifrå før du kjem.

Påmelding til vekesgolf og konkurransar gjeres via DiskgolfMetrix.